Det aktuelle området er skravert midt på kartet og merket KBA3.
Grendalaget er sterkt uenig i forslaget.
Her er protestbrevet som er sendt kommunen;
«Øvre Eidfjord Grendalag er sterkt ueinig i plasseringa av ny miljøstasjon og tungbilstopp i Kommuneplanen sin arealdel knytt til området KBA3 i Øvre Eidfjord..
Området som er førespegla ligg nær elva Bjoreio, og er innfallsporten til Eidfjord. Det ligg fleire reiselivsverksemder ( Myklatun Camping, Sæbø Camping, Måbødalen Camping, Eidfjord Gjestgiveri, Norsk Natursenter og Best Advantures) i området.
Ein miljøstasjon kan føra med seg både lukt og synleg søppel. Dette er svært uheldig nær eksisterande reiselivsverksemder.
Det er også ein tankevekkjar at drikkevatnet som er grunnvatn frå Eidfjordvatnet ligg nært området. Grunnvatnet kan bli forureina av ein miljøstasjon. Forurensinga kan skje gjennom utlekking av kjemikalier, tungmetaller, eller andre miljøgifter som kan trenge ned i bakken og nå grunnvatnet.
Det er også uheldig å ta eksisterande dyrka mark. Dette området er viktig for matproduksjon og bør beskyttast mot utvikling som kan redusera jordbruksarealet til ein av dei største produsentane i bygde.
Miljøpåverknad bør takast omsyn til. Ein miljøstasjon kan ha negative effektar på det lokale økosystemet, inkludert forureining og uroing av dyrelivet.
Ein tungbilstopp kan gjerna plasserast på ein meir eigna stad som Kjærøyna eller Brimnes.
Kort oppsummering frå Øvre Eidfjord Grendalaget er at me er negative til området for val av miljøstasjon. Det er svært uheldig at det blir plassert ved innfallsporten til Eidfjord og nær reiselivsverksemder.»
Les også: «De knurrer i Øvre Eidfjord» på eidfjord-nettavis.no