Ingen nyhet for liten – ingen for stor

Skepsisen til turisme aukar i Tromsø – det same kom fram i ei undersøking i Eidfjord

Odd Gunnar Nordengen

Facebook
LinkedIn

Del saken på

Eit stort fleirtal av innbyggjarar som har svart på ei ny spørjeundersøking i Tromsø, meiner byen har fått for mange turistar. 

Noko av det same kom fram i ei liknande undersøking gjort av Vestlandsforskning i Eidfjord i fjor. 

Kø utenfor kiosk i Tromsø sentrum., Bilde– Undersøkinga viser at skepsisen til turisme har auka frå tidlegare undersøkingar. Så det er ein negativ trend. 

Det seier administrerande direktør i Nordnorsk reiseliv, Trond Øverås. 

I desember i 2024 gjennomførte Nordnorsk reiseliv ei spørjeundersøking der 2086 innbyggjarar i Tromsø svarte på spørsmål knytt til deira oppleving av reiselivsnæringa. 

Heile 77 prosent svarar at dei synest det er for mange turistar i Tromsø. Resultata viser ei betydeleg forverring i haldningane til reiselivet samanlikna med tidlegare målingar. 

Avisa Nordlys omtalte undersøkinga først. Denne artikkelen er henta frå nrk.no. 

2086 innbyggjarar i Tromsø har svart på undersøkinga. 

92 prosent av respondentane er mellom 20 og 65 år. 38 prosent av desse er mellom 36 og 50 år. 

62 prosent av dei som har svart er kvinner 

Talet på hotellovernattingar i Tromsø auka med 22,2 prosent i desember 2024, samanlikna med 2023.  

I tillegg har talet på bestillingar gjennom Airbnb auka med 70 prosent frå 2023 til 2024.  

– Innsikta som kjem fram i undersøkinga er ei viktig tilbakemelding frå innbyggjarane i Tromsø for korleis dei opplever situasjonen i vintersesongen, seier Øverås i Nordnorsk reiseliv. 

– Kva tenkjer du om at 77 prosent svarar at dei synest det er for mange turistar i Tromsø? 

– Det er eigentleg ikkje eit overraskande resultat. Det var vel som forventa. Det viktigaste no er å jobbe med tiltak for å få ein betre situasjon både for innbyggjarar og for dei gjestene som besøker oss.  

67 prosent er bekymra for at turismen kan svekke deira verdi av å bu der dei bur i framtida, noko som er ei auke på 33 prosentpoeng frå året før. 

I rapporten peikar ein på at ei forklaring på dette kan vere at veksten går raskare enn tilrettelegginga. Ved stor vekst i besøkande, aukar også belastninga på lokalsamfunnet og innbyggjaren. 

  • Auke av trafikkfarlege situasjonar 
  • Slitasje på natur, miljø og lokalbefolkning 
  • Manglande fasilitetar og tilrettelegging 
  • Overbelastning på kollektivtrafikken 
  • Følelsen av overturisme 
  • Cruise 
  • Redusert bulyst 

Cruisebåter, bobiler og mye folk. For mye mener mange. Det kom fram i en undersøkelse i fjor.

To jenter med kåpe inne på kjøpesenter, Bilde– Det vi ser med innbyggjarundersøkinga er ein veldig god temperaturmålar på kva innbyggjarane opplever no, med tanke på trykket frå reiselivsnæringa. 

Det seier Helga Bårdsdatter Kristiansen, prosjektleiar for reiselivsprogrammet i Tromsø kommune. 

en person med langt hår og briller, Bilde– Faren er at dei besøkande ikkje trivst så godt, og det må vi unngå, seier Kristiansen.  

– Kva betyr det når innbyggjarane verkar så misfornøgde? 

– Det er ei veldig viktig tilbakemelding å ta med oss vidare i prosessen. Det er ikkje til å stikke under stol at besøksforvaltninga slit med å halde tritt med den raske auken i besøkande. 

Kristiansen trur vi må sjå til land som har lukkast med å ta imot store mengder turistar. 

– Vi har samarbeid i prosjekt som blant anna går mot Island, nemner ho, og held fram: 

– Ein kan jo alltid sjå i retrospekt kva ein kunne gjort annleis, men eg trur det viktigaste no er å forstå kva ein må gjere framover for å lukkast. 

– Vi vil ikkje ha «Barcelona-stemning» her, seier ho og ler. 

– Mange av utfordringane som no kjem fram i undersøkinga, handlar ikkje nødvendigvis om turistane i seg sjølv, men om at vi har vore for dårlege til å planlegge for turistveksten.  

Mykje handlar om manglande fysisk tilrettelegging, og at det blir bygd for lite bustadar – i kombinasjon med Airbnb. 

Det seier administrerande direktør i Næringsforeningen i Tromsø-regionen, Sigrid Mogård-Jansen. 

– Vi må ta innbyggjarane sine bekymringar på alvor. Det er heilt avgjerande at reiselivet i Tromsø har støtte i befolkninga – og at vi skaper eit reiseliv som er på lag med byen, konkluderer ho.